Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Lofotliv (mandag 2. januar). Les mer om roperten…

Eit meistermøte

Søndag 29. januar kl. 19.00, Lofoten kulturhus

Frå Bach til folketone med tre telemarkingar. Det er tre sterke utøvarar og eit breitt repertoar publikum får møte i denne produksjonen. Sondre Bratland, Sigmund Groven og Iver Kleive er alle tre frå Telemark. I programmet vil publikum møte dei tre telemarksmusikarane både i samspel og med eigne soloinnslag.

Merk: Denne konserten blir arrangert i Lofotkatedralen!

Repertoaret byggjer på materialet dei tre har presentert gjennom tiår som profesjonelle musikarar, og spenner vidt: Her er klassisk og romantisk musikk av til dømes Bach og Grieg, religiøse folketonar i ny drakt og eigne komposisjonar. Dessutan blir publikum servert repertoar med lokale røter og smakebitar frå den kritikerroste CD-en med Iver Kleive og Sigmund Groven, HarmOrgan.

SONDRE BRATLAND – vokal
SIGMUND GROVEN – munnspel
IVER KLEIVE – orgel / klaver

Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som vår fremste mannlege folkesongar. Han har gitt ut 13 soloalbum og medverka på 25 andre album. Religiøs folkesong er spesialområde hans, men elles spenner uttrykket hans frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangrar og såleis gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum.

Sigmund Groven blir rekna som ein av verdas beste på munnspel, og har halde konsertar over heile verda. Han har gitt ut fleire plater og medverka i mange program på radio og fjernsyn. Blant dei mest kjende og folkekjære innspel-ingane hans er «Reodors ballade» frå filmen Flåklypa Grand Prix og Groven sin eigne versjon av Henning Sommerros «Vårsøg». Beatles-produsent George Martin omtala han som «ein strålande musikar, ein av dei finaste munnspelutøvarane i verda». Han er også ein prisbelønt komponist.

Iver Kleive er ein av dei beste musikarane i Noreg, mest kjend som organist og korleiar. Han er også ein prisbelønt komponist. Iver Kleive har vore solist med Oslo Filharmoniske Orkester, og fast pianist i Krinkastingsorkestret. Forutan å vere organist, har han drive eit allsidig musikalsk arbeid. Frå 1972 og fram til i dag har han medverka i nærare 200 plateinnspelingar som studiomusikar, komponist og arrangør. Kleive beskriv seg sjølv som ein improviserande musikar som ynskjer å veksle mellom klassisk og pop, folkemusikk og jazz.

Vist 6 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?